Jobben mot å bli reisebloggar på fulltid

av | jan 10, 2019

Når ein høyrer ordet ‘bloggar’ kjem mange forskjellige bilete fram. I Norge er dei aller fleste fulltids-bloggarar det me vil kalle ‘rosabloggarar’, og det er desse det florerer mest om i avisene. Men det er ikkje berre dei som skriv om tannbleiking og hårvitaminer som kan leve av å blogge. Eg har snart vore reisebloggar på fulltid i 1 år, og synes det er kjempespennende å få dele litt om kvardagen min og korleis vegen gjekk til for meg.

Då eg var 17 flytta eg til Wales for å ta andre året på vidaregåande der – eit utvekslingsår. Medan eg var der fann eg ut at eg skulle starte ein blogg, slik at venner og familie heime i Norge kunne følge med på livet mitt. Dette var kjekt, og spesielt Bestemor var svært glad i bloggen min.

Etter vidaregåande flytta eg til London for å studere, og fortsatte bloggen der. Etter kvart som vennene mine i Wales og dei nye vennene mine i England vart leie av å bruke Google Translate for å forstå kva eg skreiv, bad dei meg om å skrive på engelsk. Då eg allereie studerte i England og beherska språket godt, var ikkje dette noko problem. Eg begynte å skrive mine kvardagsinnlegg på engelsk, og tenkte ikkje noko meir over det.

Eg likte å skrive, og var svært glad i å arbeide med bloggen, sjølv om eg ikkje alltid var like flink til å oppdatere den. Eg flytta til Wales i 2008, og hadde blogga i 5 år når eg begynte å skrive på engelsk. Bloggen min heitte då LisaLDN, og eg måtte ofte forklare at LDN er ein forkortelse for London, og at dette var navnet på bloggen min fordi eg budde i London.

Dette fortsatte å vera navnet på bloggen min mens eg budde eit år i Florida (der eg deltok i Disney World sitt Cultural Representative Program), og 2 år i Oslo. I løpet av åra i Oslo fekk eg meir tid å bruke på bloggen, og sat mange seine kveldar og skreiv innlegg, redigerte bilder, og la att kommentarar på andre bloggar (mine norske favorittar er Ida Wulff og Kristina Andersen).

Etter studiene fekk eg fast jobb, og eg kom raskt inn i rutinene som følger det eg vil kalle ein ‘voksenjobb’ som går frå mandag til fredag. Opp tidlig til alarmen, heile dagen på jobb, heim att i 5-tida, middag, trening, litt tid til å slappe av/drive med interesser og so er det leggetid før det set i gang att. Sjølv om eg trivdes godt i jobben var ikkje dette ei rutine eg var komfortabel med, og eg begynte etter kvart å bruke meir og meir tid på mi største interesse; bloggen min.

Eg skjønte snart at det var dette eg elska å drive med, og la merke til kor ofte eg fortalte folk (halvvegs på tull) at drømmen min var å bli reisebloggar på fulltid. Ein dag gjekk det opp for meg at om dette virkelig var drømmen min måtte eg få ut fingeren og begynne å jobbe for det. Eg har skrevet meir om denne tankegangen i dette innlegget der eg kunngjorde at eg hadde sagt opp ‘voksenjobben’ min for å bli reisebloggar på fulltid!

Etter at eg hadde bestemt meg for at målet mitt var å leve av bloggen min, la eg ned all tid eg hadde i bloggen, og arbeidet rundt denne. Eg endra navnet og designet på bloggen, frå LisaLDN til det den er i dag; Fjords and Beaches.

I fleire måneder jobba eg 40 timer i veka på jobb, før eg reiste heim og jobba minst 40 timer til med blogg og frilansprosjekt. Eg investerte i kurs, nettsidedesign og andre verktøy ein treng for å drive med blogg, og begynte sakte å sjå at investeringane var verdt det. Eg leverte oppsigelsen min, og nokre måneder til med hardt arbeid kunne eg offisielt kalle meg sjølv fulltids reisebloggar i januar 2018.

Siden då har eg opplevd mykje kjekt. Eg har satt pris på fleksibiliteten eg drømte om, å kunne skape min eigen kvardag, å arbeide frå kor som helst i heile verda, og å ikkje svare til nokon andre enn meg. Eg har bud 2 måneder i Bali og 2 i Australia, og deretter kjøpt leilegheit i Bergen. Eg har delteke på konferansar og møtt bloggarar eg har sett opp til i fleire år, og blitt sjokkert over at dei faktisk veit kven eg er (#Starstruck). Eg har hatt måneder der eg har fyllt dagane med frilansoppdrag for å få alt til å gå rundt, og måneder der eg har tjent langt over det eg gjorde i fast jobb. Eg lever drømmen min på alle måtar, og elsker det!

Fjords and Beaches er primært ein reiseblogg der eg deler mine eventyr, tips og guider til destinasjonar verda over. I det siste har eg og publisert fleire innlegg med fokus på blogging og å starte ein reiseblogg. Om du vurderer å starte blogg anbefaler eg deg å begynne med dette innlegget.

Det har vore mange overraskelsar undervegs, og eg har erfart at andre reisebloggarar meir enn gjerne deler bekymringar, råd og tips med kvarandre – noko eg er svært takknemlig for. Eg var ikkje forberedt på kor vanskelig det ville vera å forklare kva eg driv med, og kor få som faktisk forstår det. Eg har ved fleire anledningar irritert meg over firma som ber meg om å jobbe gratis, og som ikkje forstår at eg er avhengig av lønn for å leve som alle andre. Eg spurde fleire reisebloggarar kva dei skulle ønske dei visste før dei vart bloggarar på fulltid, og her er nokre av svara eg fekk.

Kvardagen min som reisebloggar er svært spesiell, og eg er heldig å få oppleve mykje kult gjennom denne spesielle ‘jobben’ eg har valt. Frå å bli invitert til å bu på luksushotell i Wales i ein måned, til å få betalt for å promotere julealbumet til Sia, er det med god grunn eg ofte må klype meg sjølv i armen. Men sponsa turar og hotellopphald er berre ein liten del av det eg driv med som bloggar, og hugs at det er kun det eg vel å dele som synes.

Når eg ikkje reiser har eg mange like dagar, der eg står opp tidlig for å rekke over so mykje jobb som mogleg. Eg forhandlar med potensielle samarbeidspartnarar, planlegg innlegg og shoots, tek bilder og redigerer dei, skriver, redigerer og publiserer blogginnlegg, svarer på uendelege epostar, er aktiv på Instagram, jobber med Instagram-kurset mitt, og mykje meir.

Eg har mange dagar der eg sit foran iMac-en i 10-12 timar, fordi eg ikkje lenger har ei arbeidstid å forholde meg til. Eg klokker ikkje ut frå arbeid klokka 4, og blir heller aldri heilt ferdig. Det har vist seg å vore ein utfordring i seg sjølv å klare å avslutte for dagen, og eg har måtte læra meg nokre triks for å kunne oppretthalde ein produktiv arbeidsdag (som å booke gruppetimar på Sats til 5-tida slik at eg må avslutte).

Når eg reiser kjem arbeidsdagen min an på om opphaldet er sponsa eller ikkje. Under sponsa hotellopphald har eg mykje meir å tenke på, og føler at eg er ‘på jobb’ heile tida. Eg legg ut i sosiale media, gjer research til blogginnlegg, sørger for å ta gode bilder av hotellet, og må sette av tid til å redigere dei same dagen, slik at eg kan få lagt dei ut (alt etter kva avtale eg har med hotellet). Misforstå meg rett når eg seier at eg er ‘på jobb’, for eg elsker jobben min og ville ikkje ha bytta den for noko i verden. Gjennom bloggen min får eg oppleve fantastiske destinasjonar, bu på dei flottaste hotell, møte folk frå heile verda og drikke god vin mykje oftare enn om eg kun hadde 5 veker ferie i året, og eg er evig takknemlig for at eg har klart å lage ein slik kvardag for meg sjølv.

Om du er nysgjerrig på å starte blogg har eg berre ein ting å sei; sett i gang! Du må rekne med hardt arbeid og mange timer (og peng) over tid før du vil kunne tjene noko på det. Men når den dagen kjem vil du ha ein kvardag ulik nokon andre – for det er virkelig ein ekte drømmejobb!

RECENT POSTS

Å reise alene – hvorfor jeg gjorde det

Etter å ha fått livet snudd på hodet og hjertet knust i januar, innså jeg etter et par måneder med sitering av “Sound of Silence” på et nivå der nå kollegaene mine hver morgen hilste meg med “Hello darkness” i det jeg ankom jobb, bestemte jeg i slutten av mars meg for...

10 grunner til hvorfor du bør vurdere cruiseferie i 2020!

Cruiseferie er et splittende tema. Du har de som nekter å i det hele tatt se på cruiseferier som et alternativ, og de som sverger til å kun feriere på denne måten. Du kjenner nok noen som er på hver sin side her. Men, for hver negativ ting ved cruise finnes det noe...

Ikke gjør dette når du skal bestille flybilletter!

Det er lett å gå på mange feller når man skal leke eget reisebyrå, og ofte kan dette føre til mer vondt enn godt. Nedenfor gir vi deg to ting du absolutt bør unngå når du skal bestille flybilletter! Ikke stol på bookingsider på nett! En artikkel skrevet av danske...

Slik unngår vi å bruke hele sparekontoen når vi skal reise!

Nedenfor gir vi deg noen tips til hvordan du kan spare på noen av utgiftene når du skal reise! Pluss litt andre tips som kan hjelpe til på reisen😊 Flyreise Søk på nett for å finne billige flyreiser, men prøv forskjellige sider da prisene kan variere mye. Det er også...

En helt utrolig jungelopplevelse i Rayong

Vi reiste til New Nordic Marcus i Pattaya, Pratamnak Hill, 7.november 2018. Vi hadde nå vært i Pattaya et par dager, og vi var klare for å reise ut av byen for å se mer av landsbygda og hvordan thaiene bor og selv ferierer. Turen starten klokken 09:00 fra New Nordic...

ASIASPESIALISTEN OG EN NY REISE- OG INSPIRASJONSPLATTFORM

De siste 15 årene har det vært en stor nedgang i reisebyråer i Norge. Det er dessverre kun et fåtall igjen. Dette er veldig synd, men jeg mener at grunnen til denne store nedgangen er at reisebyråer ikke har klart å utvikle seg i takt med endret forbrukeratferd. Dette...